Posta av: nynorskblogg den: 17/06/2011
Ramna-Floke av Sylvelin Vatle Korleis var det å dra ut i det ukjende for å finne øya nokon hadde sagt skulle ligge der vest i havet ein stad? Kvifor måtte ein dra og kva vart resultatet av reisa? I denne romanen for ungdom møter vi Ingeborg, søstrene hennar og far hennar: Ramna-Floke, som er nemt [...]
Posta av: nynorskblogg den: 07/06/2011
Dette var ein skikkeleg grøssar. I boka vert med kjent med Elisabeth og mor hennar som flyttar inn i ny leiligheit. Elisabeth merkar at det er noko skummelt der og at det er veldig kaldt i romma, og på badet skjer det merkelege ting. På den nye skulen vert ho kjent med Philip, og han [...]
Posta av: nynorskblogg den: 03/06/2011
Boka handlar om 15-åringen Eino. Musikk er den store interessa, og han ynskjer seg difor ein gitar. I musikktimane på skulen har dei lært to akkordar og Eino drømmar om å verta stor stjerne. Først må han ha pengar til gitar, difor tek han ein telefon til farmor om ho ville ha litt hjelp på [...]
Posta av: nynorskblogg den: 03/06/2011
Solveig Hareide, profilert programleiar frå NRK, «Newton» og «Kosinus» og fekk nyleg fekk ei utmerking for fagformidling av norske ingeniørar. Denne boka er uhyre langt frå fjernsynets ekstremeksponering. Boka er personleg med ” eg” og ”du” i ein lengre prosatekst med pinleg dårleg visuell støtte. Som tittel og omslag viser – ei bok om vulkanar, [...]
Posta av: nynorskblogg den: 03/06/2011
Cherub er ein organisasjon som vart starta i frankrike under den 2. verdskrigen for å kjempe mot tyskarane. Mange av dei mest nyttige agentane var barn og ungdom. Ein britisk spion arbeidde saman med dei, og då han kom tilbake til england etter krigen lærte han opp 20 gutar til å bli hemmelege agentar, kalla [...]
Posta av: nynorskblogg den: 01/06/2011
No har det nett kome to nye forteljingar om Frosken og vennene hans, kjende frå både bokserien og barne-tv. Max Velthuijs var Nederlands mest kjende barnebokforfattar og illustratør, men døde i 2005. Han skapte over 20 biletbøker om den storøygde og livsglade Frosken, og av dei er femten omsette til nynorsk. Kikker, som han heiter [...]
Posta av: nynorskblogg den: 01/06/2011
Vekevis er ei morosam og sprek historie om ei jente som har fått ein fiks ide om å skriva ein erotisk roman. Men så oppdagar ho – på ein ganske fuktig tur med danskebåten – at ho er gravid. Då vert det plutseleg bryllaup. Mora tar nemleg over og bestiller kyrkje og gjester. Det går [...]
Posta av: nynorskblogg den: 01/06/2011
“Ei bok for vaksne og barn om det underet det er å begynne å forstå eit nytt språk” Boka handlar om ein einsam fiskar som ein dag får ein flaskepost i garnet sitt. Han tørkar brevet og er svært spent då han skal lesa det. Problemet er berre at han ikkje skjønar bokstavane.Dei er heilt [...]
Posta av: nynorskblogg den: 01/06/2011
Egil Hyldmo har tidlegare gitt ut fleire dyrebøker for barn, både om ulv,bjørn og jerv. No har han kome med ei ny flott fagbok for barn og unge. Denne gongen om moskusen.I dei tre første kapitla får vi først eit historisk tilbakeblikk som fortel om mammut og moskusfe, om kvifor dei forsvann og kvar dei [...]
Siste kommentarar