Nynorsk Blogg

Historia om vulkanar av Solveig Hareide

Posta av: nynorskblogg den: 03/06/2011

Solveig Hareide, profilert programleiar frå NRK, «Newton» og «Kosinus» og fekk nyleg fekk ei utmerking for fagformidling av norske ingeniørar. Denne boka er uhyre langt frå fjernsynets ekstremeksponering.  Boka er personleg med ” eg” og ”du”  i ein lengre prosatekst med pinleg dårleg visuell støtte. Som tittel og omslag viser – ei bok om vulkanar, i Kagge forlags nye serie. Som egforteljar og fagformidlar er Hareide gjenkjenneleg, ho framstår som engasjert og truverdig og vik ikkje unna kompleksitet og fagspråk, i flg. Ingeborg Mjør i Dag og Tid
Boka blir innleidd med eit eksempel, då statsministeren og mange andre vart oskefaste i 2010. Boka er elles mest for dei som er uvanleg interesserte og ikkje treng bilete for å forstå korleis vulkanar er – og kven er det?  Fagformidlinga inngir tillit, kjelder blir gitt opp, men ingen fagkonsulent har lese boka.(!).  Hareide byr også på kjemieksperiment, ein quiz og vulkanfest med vulkanmuffins – einaste grunn til å velge denne boka.  Ho er puslete og grå, ein har ikkje kosta på seg noko når det gjeld papirkvalitet og design, dei få fotografia er små og dårlege. Mykje av stoffet ville vore tent med visuell støtte, men får det altså ikkje.. Det er forferdeleg  synd at ei god nok bok på nynorsk  er så lite tiltalande.

Skrive av Bente D.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.