Nynorsk Blogg

Ramna-Floke av Sylvelin Vatle

Posta av: nynorskblogg den: 17/06/2011

Ramna-Floke

Ramna-Floke av Sylvelin Vatle

Korleis var det å dra ut i det ukjende for å finne øya nokon hadde sagt skulle ligge der vest i havet ein stad? Kvifor måtte ein dra og kva vart resultatet av reisa?

I denne romanen for ungdom møter vi Ingeborg, søstrene hennar og far hennar: Ramna-Floke, som er nemt i den islandske Landnåmaboka frå 1100-talet. For å redda seg unna Harald Hårfagre forlet dei Vestlandet saman med tenarar, treller og buskap, og gjev seg i veg over havet. Først mot Færøyane og så vidare mot landet dei kallar Island då det flyt så mykje is i fjordane der. Landet finn far til Ingeborg ved hjelp av dei tre ravnane om bord, difor tilnavnet Ramna-Floke!

Gjennom auga til Ingeborg, får lesaren del i den farlege seilasen. Vi ser korleis det gamle møter det nye: ikkje berre hesten men og ei ung jente må ofre livet for at Volva og gudane skal vert nøgde og hjelpe dei på ferda! Men er det slik det bør vere, undrar Ingeborg- Då den vesle søstera døyr under ein stopp på Hjaltland, må likbålet lagast i stand, og då dei kjem til Færøyane ventar giftarmål mellom Tora, den andre søsteren til Ingeborg og den mykje eldre Kalf Torsteinsson-

Møtet med sjølve Island vert skremmande. Is og kulde men og uforklårleg eld og varme gjer dei redde! Er det heksane som koker mat i digre kjeler der borti gropane? Og kven er dei høge skapningane med krumme ryggar og blåsande hårtuster- er dei ånder? Eller vetter og skrømt?

Vanskar av mange slag møter båtfolket før dei kan bli ein del av det nye landet. Men trass i alt det fælslege som skjer, er det likevel trua på ein betre framtid som preger boka. Kjærleiken som litt etter litt veks frem mellom Ingeborg og den mystiske ungguten Faxe frå Suderøyane, det nye landet med alt viltet i fjellet, fisken i havet, dei varme kjeldene og det yrande fuglelivet! Ramna-Floke er ein bok både å læra av og å bli fascinert av! Og med dei fargerike tresnittliknande illustrasjonane til Sveinbjörg Hallgrimsdóttir, vert lesinga og ei estetisk oppleving!

Skrive av: Anne Elisabeth

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.