Posta av: nynorskblogg den: 15/08/2011
Alfred må sikkert vere den lukkelegaste kosebamsen i verda! For ikkje berre får han vere med skuleungane heim, nei han får vere med Kurt´n ut i Nordsjøen og!
Og kven er så denne heldig skapningen? På Bulandet skule har 1-3 klasse sin eigen kosebamse som får vere med på det meste. Ein dag skjer det utenkelege: Kurt Rutledal som til vanleg jobbar i oljen, kjem innom skulen for å ordne noko datakrøll. Då er det ein som undrar om ikkje det hadde vore kjekt for han Alfred og fått seg ein tur ut i Nordsjøen og? Det synest ungane er ein god idé! Og ikke lenge etter er Alfred og Kurt´n på veg!
I spesialsydde oljeklede og utstyrt med både vernebriller og hjelm, drar Alfred i helikopter ut i Nordsjøen der han og Kurt´n går om bord i oljeinstallasjonen Åsgård A. I løpet av ei veke får Alfred vere med på det meste, frå å entre livbåtane, sjekke brannutstyret, inspisere byssa, ta seg ein treningsøkt i trimrommet, sjå korleis tankbåtane kjem og laster olje, få seg ein helsesjekk og ikkje minst: kjøpe Bamsemums som alle i klassen skal få når han kjem heim att og skal fortelje om eventyret han har opplevd der ute i Nordsjøen!
Alfred Offshore er ei bok til å lære av! Men kanskje vert forfattaren litt for ivrig med å få vist frem alle bileta sine, og kanskje glemmer han av og til at målgruppa er ungar og ikkje ungdom eller vaksne- Litt for mange foto, og litt for vanskeleg fagspråk til trass: Alfred Offshore tar oss med på ei spennande reise ut i ei verd dei fleste av oss ellers ikkje har tilgjenge til!
Skrive av: Anne Elisabeth
Siste kommentarar